Hopp til innhold

Samanstøyt mellom to båtar i Skagerak

Eit fiskefartøy og eit lastefartøy har hamna i ein samanstøyt sør for Nevlunghavn aust for Jomfruland i Skagerak.

Hovudredningssentralen har sendt ut ei redningsskøyte og eit redningshelikopter. Desse skal vere like ved åstaden, fortel redningsleiar i HRS, Børge Galta til NRK.

Ifølge Sør-Øst politidistrikt er det ikkje snakk om personskade etter ulukka.

– Det er ikkje større skade enn at passasjerane kan bli på båtane. Mest sannsynleg må fiskefartøyet bli taua. Redningshelikopteret returnerer til base, fortel Galta til NRK kl. 09.35.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no