Samanstøyt i Praha
Tsjekkisk politi har brukt tåregass og vasskanonar for å spreie demonstrantar som gjekk til åtak på dei etter ein protest mot koronatiltak i Praha. Minst 20 vart såra i samanstøytane, som oppstod etter at eit par tusen personar demonstrerte i byen.