Sakna mann funnen død i Rendalen

Ein 75-årig mann er funnen død i Storsjøen i Rendalen i Innlandet. Mannen drog ut på båttur åleine søndag ettermiddag i ein 15 fots aluminiumsbåt. Han vart funnen av redningshelikopter ved totida i natt, men båten er ikkje komen til rette, opplyser Innlandet politidistrikt. Dei pårørande er varsla.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no