Sacheen Littlefeather er død
Skodespelar og aktivist Sacheen Littlefeather, som i 1973 avslo Oscar-prisen til Marlon Brando for beste skodespelar i «The Godfather», er død, skriv The Washington Post.
Littlefeather blei 75 år. Familien sa at ho døyde i fred med sine næraste rundt seg, men nemnte ikkje dødsårsaka. Ho fekk diagnosen brystkreft i 2018, skriv avisa.
I august fekk Sacheen Littlefeather ein offisiell årsaking frå Oscarakademiet etter at ho blei bua av scenen då ho avslo Brando sin pris. Sacheen Littlefeather gjekk opp på scenen med Apache-drakt, og fortalte at Brando ikkje ville ta imot prisen på grunn av undertrykkinga av urbefolkinga i USA. Etter det blei ho boikotta frå filmindustrien.