Hopp til innhold

Rykte ut til Kastrup etter melding om væpna person

Dansk politi rykte torsdag ut til Kastrup i København etter at ein tilsett ved flyplassen hadde sett ein person med det som skulle vere ein pistol i bagasjeområdet.

– Vi er akkurat no mannsterke til stades ved lufthamna. Vi har enno ikkje funne mannen eller noko som kan minne om det, sa politiets vaktsjef Henrik Brix til avisa B.T.

Kort tid etterpå melde politiet i København på Twitter at dei hadde avblåst aksjonen fordi det viste seg å vere falsk alarm.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no