Russland: Styrkar forsvaret etter finsk Nato-medlemskap
Russland kjem til å styrke forsvaret i vest og nordvest etter at Finland blir medlem i Nato. Det seier viseutanriksminister Aleksandr Grusjko til det statlege russiske nyheitsbyrået Ria. Finland blir formelt medlem av forsvarsalliansen tysdag.