Hopp til innhold

Russland: Forstår kvifor Sverige og Finland søker Nato-medlemskap

Finland og Sveriges avgjerd om søke medlemskap i Nato vil ikkje styrke sikkerheitssituasjonen i den baltiske regionen. Det meiner Russlands tidlegare president, og no nestleiar i Russlands sikkerheitsråd, Dmitrij Medvedev, ifølge TASS.

– Når det gjeld sjølve avgjerda, så forstår vi korleis den blei tatt, kva hysteri det innebar, og korleis tankegangen til desse to landa blei påverka frå andre sida av havet og frå Brussel.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no