Hopp til innhold

Russland vil trekke seg ut av Europarådet

Politikarar frå nasjonalforsamlingar i heile Europa har kome med eit forslag om å stenge ute Russland frå Europarådet. Forslaget skal behandlast av rådet tysdag kveld, skriv NTB.

På same tid seier utanriksdepartementet i Russland at dei vil starte prosessen med å trekke seg ut av Europarådet, skriv nyheitsbyrået Reuters.

Sist veke sa Russland at dei ikkje lenger vil møte i Europarådet fordi EU- og Nato-landa er uvennlege. Visepresident i Europarådet Ingjerd Schou (H) seier at så lenge Putin vel krig framfor demokrati og fred, har Russland ikkje noko å gjere i felleseuropeiske demokratiske samlingar, skriv NTB.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no