Hopp til innhold

Russland hevdar å ha kontroll over forstad i Donetsk

Russiske styrkar har tatt full kontroll over forstaden Pisky nordvest for byen Donetsk i Ukraina, hevdar det russiske forsvarsdepartementet laurdag. Det melder Reuters.

Påstanden er ikkje bekrefta av uavhengige kjelder.

Russiske og russisk-støttande styrkar sa dei tok kontroll over forstaden for meir enn to veker sidan. Departementet sa også at russiske styrkar hadde øydelagt HIMARS-rakettsystem, som Ukraina har fått frå USA, nære Kramatorsk nord for Donetsk, samt ammunisjonslageret til systemet.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no