Hopp til innhold

Russisk fly har krenka svensk luftrom

Eit russisk fly krenka svensk luftrom fredag, seier det svenske forsvaret til nyheitsbyrået TT.

Svensk forsvar prøvde å få kontakt med flyet utan hell. Flyet blei deretter avskore av to svenske kampfly.

Hendinga skjedde aust for Gotland, seier Therese Fagerstedt i det svenske forsvaret til TT.

Den store Nato-øvinga Baltops går i desse dagar føre seg i området.

To svenske Jas-jagerfly ble sendt opp for å møte det russiske flyet, noe som skal ha bidratt til at det trakk seg tilbake.

– Den russiske oppførselen er ikkje akseptabel og viser manglande respekt for vår teritoriale integritet. Me følgde heile forløpet og var på plass for å gripa inn, seier flyvåpensjef Jonas Wikman, skriv NTB.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no