Hopp til innhold

Russisk aktivitet langs kysten

Norske tryggingsfolk har det siste halvåret følgt med på rørslene til det russiske forskingsfartøyet Akademik Lazarev. No slår dei alarm om fleire fartøy.

– Eg vil kalle dei spionskip, seier forskar og lærar Ståle Ulriksen på Forsvarets høgskole/Sjøkrigsskolen til Dagens Næringsliv.

Næringslivets tryggingsråd har i lengre tid fått inn fleire, liknande bekymringsmeldingar frå aktørar i bransjen.

Norske og utanlandske aktørar i olje- og gassbransjen slår no alarm etter å ha observert at russiske forskingsskip tilsynelatande systematisk kartlegg røyrleidningar på norsk sokkel.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no