Hopp til innhold

Rudy Giuliani blir etterforska for ulovleg valpåverknad i Georgia

Donald Trumps tidlegare advokat Rudy Giuliani blir etterforska i Georgia for mogleg ulovleg påverknad av valet i delstaten i 2020.

Det fekk advokatane til Giuliani kunngjort av påtalemakta i Georgia måndag, skriv avisa The New York Times.

Etterforskinga av Giuliani er den delen av den omfattande etterforskinga av Trump og fleire andre som blir mistenkt for å blande seg inn i valet i delstaten i 2020 og prøve å påverke resultatet.

Guiliani er blant dei som fremja grunnlause påstandar om valfusk etter presidentvalet Trump tapte i november 2020.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no