Rotevatn til Aftenposten: – Noreg treng ikkje SAS
– Noreg treng ikkje SAS, men ein velfungerande flymarknad, seier stortingsrepresentant og nestleiar i Venstre, Sveinung Rotevatn til Aftenposten.
Venstre er blant mange stortingsparti som ikkje vil redde flyselskapet som no er i krise.
– Eg synest ikkje det er staten si oppgåve å eige eit flyselskap. Tvert imot skal vi no vere glade for at vi selde oss ut av SAS i 2018. Det var heilt riktig avgjerd, seier han til avisa.
Ifølge Aftenposten er det laber stemning på begge sidene av den politiske aksen for å kjøpe seg inn i selskapet. Raudt er det einaste partiet som ynskjer at staten aktivt går inn som eigar i SAS.