Ropstad beklagar skatteplanlegging

KrF-leiar Kjell Ingolf Ropstad beklagar at han ikkje har betalt skatt på fordelen han fekk då han fekk statsrådsbustad.

– Eg beklagar mi dårlege vurdering i 2020. Eg er no i dialog med Skatteetaten for å betale det eg skal betale, seier han til NRK.

Han seier at det var meininga at han skulle betale delar av dei faste utgiftene foreldra hadde. Men at han likevel ikkje betalte etter at Statsministerens kontor hadde snakka med Skatteetaten.

– Dei informerte meg om at dei hadde endra oppfatning til at utgifter på heimstaden ikkje var avgjerande for om pendlarhusvære var skattepliktig. Då blei eg einig med foreldra mine om at eg likevel ikkje skulle betale, seier han.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no