Romsonde skal utforske asteroidar

Den amerikanske romsonden «Lucy» blei laurdag skoten opp frå Cape Canaveral i Florida, og skal i løpet av levetida legge bak seg 6,5 milliardar kilometer i verdsrommet.

Romsonden skal utforske asteroidane til planeten Jupiter. Det er venta at turen skal ta 12 år.

Romsonden Lucy.
Foto: John Raoux / AP

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no