Hopp til innhold

Rishi Sunak: Vi må reagere på all rasisme

Storbritannia sin statsminister Rishi Sunak vedgår at han sjølv har opplevd rasisme. Sunak er fødd og oppvaksen i Storbritannia i ein familie med indiske røter. Han er den fyrste britiske statsministeren med ikkje-kvit bakgrunn.

Utsegnene kjem dagen etter at prins William si 83 år gamle gudmor sa frå seg tittelen som æresmedlem ved det britiske hoffet. Under eit arrangement spurde ho ein mørkhuda gjest kor ho «eigentleg» kom frå, sjølv om personen er fødd og oppvaksen i Storbritannia.

Sunak vil ikkje kommentere saka, men seier han sjølv har opplevd rasisme.

– Men eg er glad for å seie at somme av dei tinga eg opplevde truleg ikkje ville skjedd i dag. «Jobben er aldri ferdig», og det er difor vi må reagere kvar gong vi ser det.

(NTB/NRK)

Rishi Sunak
Foto: Skjermdump / Twitter

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no