Hopp til innhold

Reuters: Ein person skal vere drepen under evakuering i Kherson.

Det melder nyheitsbyrået Reuters, som siterer eit ukrainsk embetskontor. Dei skriv at Kherson skal ha blitt angripe av russiske styrkar under evakuering.

Regionen er no ramma av flaum etter Kakhovka-demninga i Kherson-regionen blei øydelagt natt til tysdag.

Nyheitsbyrået AFP melder også at ein skal vere drepen, og siterer same kjelde. Dei skriv også at fire andre skal vere skadde i ein nærliggande landsby.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no