Rettssak utsett to dagar på rad

Rettssaka til den norske statsborgaren Saad Jirde Hayd (55) har blitt usett to gongar på to dagar.

Høgsterett i Somaliland skulle laurdag behandle dødsdommen mot Hayd. No er den utsett til søndag. Også fredag blei rettssaka utsett.

Årsaka skal vere at ein av dommarane er sjuke, seier forsvararane til Dagbladet.

Hayd, som har budd i Noreg i over 40 år, var på ferie i Somaliland då han hamna i slagsmål med ein annan mann i april i fjor. Han har blitt dømt til døden i to omgangar.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no