Hopp til innhold

Rettsdato til å vurdere Whelan

Neste månad skal ein russisk domstol vurdere førespurnaden om å sende amerikanaren Paul Whelan til USA for å sone straffa si der, melder nyheitsbyrået Reuters.

Whelan blei i fjor dømd i ein russisk domstol til 16 års fengsel for spionasje. Han nekta for å ha spionert og sa han vart lurt i ei felle.

Advokaten Olga Karlova seier at høyringa vil skje den 8. november i byen Nizjnij Novgorod, som ligg aust for Moskva.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no