Restaurant vurderer å melda gjester

Restauranten Pieder Ro i Kristiansand vurderer å melda to gjester etter å ha blitt stengd på grunn av koronasmitte.

Dei to gjestene var i restauranten måndag. Tysdag fekk dei beskjed om at dei hadde testa positivt for koronaviruset, melder Fædrelandsvennen. Restauranteigaren seier til avisa at dei mistenker at dei to var i ventekarantene då dei besøkte restauranten.

– Om eg får bekrefta at dette stemmer, at dei valde å droppa ventekarantene, så melder eg. Dette kostar for oss, seier restaurantsjef Rune Egedal.

Laurdag måtte restauranten stenga i ti dagar då det viste seg at ein tilsett hadde blitt smitta.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no