Rekordstort parlament i Tyskland

Forbundsdagen i Tyskland får 735 medlemmar etter valet søndag, opplyser den tyske valkommisjonen. Parlamentet var allereie det største i verda med 709 representantar. No blir det utvida med 26 nye plassar. Auken skuldast måten mandata blir delte ut i Tyskland. Systemet har fått kritikk, men tidlegare forsøk på å endre det har stranda.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no