Rekordmange med våpen til fly i USA

Amerikanske myndigheiter er bekymra over kor mange passasjerar som tek med seg våpen til amerikanske flyplassar.

Dei fyrste ti månadene av 2021 vart det funnen 6450 skytevåpen i sikkerheitskontrollar på flyplassar i USA. Ifylgje TSA skal brorparten av våpena ha vore ladd.

– Me har hatt fleire hendingar med forstyrringar frå passasjerar, både ved kontrollpunkt og om bord på fartøy. Då er det ekstra viktig at passasjerane ikkje har med seg skytevåpen om bord på flyet, seier David Pekoske, sjef for luftfarten i USA.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no