Hopp til innhold

Rekordhøg befolkningsvekst i Canada

For fyrste gong auka befolkninga med meir enn ein million menneske, viser tal frå landets statistiske sentralbyrå. Canada har no over 39,5 millionar innbyggarar.

Regjeringa har lagt til rette for innvandring til landet, som i likskap med mange andre rike land har ein aldrande befolkning og mangel på arbeidskraft.

437.180 innvandrarar kom til Canada i fjor, som skal vere ny rekord. I tillegg fekk 607.782 mellombels arbeids- eller studieløyve.

(NTB)

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no