Reiser tilbake til Australia

Frankrikes ambassadør dreg tilbake til Australia etter ubåtstriden, melder NTB.

Frankrike vart rasande då Australia kansellerte ein lukrativ kontrakt for ubåtar og i staden kjøper atomubåtar i USA, samtidig med at USA, Australia og Storbritannia inngjekk ei forsvarspakt.

President Emmanuel Macron kalla hemmelege samtalar i forkant av avlysinga av kontrakten eit dolkestøyt i ryggen og kalla tilbake ambassadørane frå Washington og Canberra.

I førre veke vende Frankrikes ambassadør til USA, tilbake til Washington.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no