Hopp til innhold

Opnar ny sak mot Navalnyj

Russiske etterforskarar seier dei har reist ein ny ekstremismesak mot den fengsla regimekritikaren Aleksej Navalnyj og hans allierte, melder Reuters.

Etterforskingskomiteen som etterforskar større brotsverk i Russland seier at Navalnyj oppretta eit ekstremistisk nettverk i 2014.

Målet med nettverket var å endre grunnlaget for det konstitusjonelle systemet i Russland.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no