Hopp til innhold

Reiseforsikring dekker ikkje flystreik

– Kundane må kontakte flyselskapet om streiken gjer at flyginga deira blir innstilt, seier Therese Hofstad-Nielsen i Fremtind, forsikringsselskapet til Sparebank 1 og DNB i ei pressemelding.

Om flyginga di blir innstilt har du tre moglegheiter:

1. Returnere billetten og få han refundert av SAS

2. Booke om reisa til eit seinare tidspunkt

3. Bestille hos andre selskap, eller bruke andre reisealternativ som bil eller tog, og deretter søke refusjon hos SAS

– Vår erfaring, spesielt frå alle avbestillingar under pandemien, er at billettane blir refunderte. Men det kan ta litt tid å få pengane tilbake, spesielt no som det er i høgsesong for å reise, seier Hofstad-Nielsen.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no