Regjeringa vil gi 5 milliardar til grøne investeringar
Regjeringa vil opprette ei ny garantiordning som skal redusere risikoen for private aktørar som ønskjer å byggje ut vind-, vatn- og solkraft i utviklingsland.
Ramma vil vere på 5 milliardar kroner, og det blir løyvd ei tapsavsetjing i statsbudsjettet for 2024 og 2025. Selskap og finansinstitusjonar frå heile verda kan søkje om støtte, skriv E24.
– Noreg har i mange samanhengar søkt løysingar som kan gi meir utbytte enn det Noreg åleine kan gjere, seier statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) på eit videomøte med E24 frå New York.
Utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim (Sp) omtaler ordninga som det mest kraftfulle verktøyet Noreg har teke i bruk nokosinne og meiner ho vil utløyse enormt mykje kapital.
Kirkens Nødhjelp meiner garantien ser lovande ut, med atterhald om detaljane i ordninga.
– Det ser ut som om regjeringa no satsar på ei ordning som kan få mykje å seie i arbeidet med å få opp internasjonal klimafinansiering gjennom å mobilisere langt meir privat kapital. Det er avgjerande for å nå måla i Parisavtalen, seier generalsekretær Dagfinn Høybråten til NTB.