Reduserte straffa til to år
Juntasjefen har redusert straffa til Myanmars avsette leiar Aung San Suu Kyi (76) frå fire til to år, melder statleg myanmarsk TV.
Nyheitsbyrået Reuters skriv at den vart redusert etter ein delvis benåding av ein militærleiar. Dei skriv også at ho ikkje vil sone straffa i fengsel, men i husarrest.
Ho vart dømd for oppvigling mot militæret og for brot på koronareglar.