Redningsbåt kantra – mange omkom
Minst elleve menneske omkom då ein redningsbåt skulle hente ut eit brudefølgje i eit flaumramma område i Muzaffargarh-regionen i Punjab i Pakistan i dag. Brudgomen var blant dei omkomne. 22 menneske vart berga, men fleire er framleis sakna.