Raudt vil presse regjeringa

Raudt går frå ein til åtte representantar på Stortinget etter valet. Partileiar Bjørnar Moxnes seier dei ønsker seg ein samarbeidsavtale med den nye regjeringa, og presse politikken lenger mot venstre.

– Vi vil presse regjeringa maksimalt på det som er eit klart ønske frå hundre tusen av veljarar, nemleg å få ein ny kurs for landet vårt, eit brot med åtte borgarlege år, seier han til NRK.

Han seier at det viktigaste blir å få gjort noko med aukande forskjellar, sikre nordmenn ei god tannhelse og auke skattane til dei rikaste.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no