Hopp til innhold

Rådgjevar nektar for at Ukraina står bak Nord Stream-sabotasjen

Rådgjevaren til president Volodomyr Zelenskyj nektar for at Ukraina var involvert i den mykje omtala sabotasjen av gassrøyrleidningane i Nord Stream.

– Ei slik handling kan berre utførast med omfattande tekniske og økonomiske ressursar. Og kven hadde alt dette på tidspunktet for eksplosjonane? Berre Russland, seier Mykhailo Podolyak i ei utsegn til Reuters.

Avvisinga kjem etter at Wall Street Journal onsdag publiserte ei sak som siterer anonyme ukrainske kjelder på at Zelenskyj skal ha godkjend planane, før han ombestemte seg og forsøkte å avbryte operasjonen – utan hell.

Det var 26. september 2022 at det vart registrert ristingar ved gassrøyrleidningane Nord Stream 2 og Nord Stream 1 i Østersjøen. Gassleidningane fraktar russisk gass til Tyskland.

Danske og svenske styresmakter etterforskar saka, og meiner lekkasjen er resultat av ei medviten handling og mistenkjer sabotasje.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no