R-talet i Noreg er 0,8

R-talet i Noreg, altså kor mange ein koronasmitta person vidarefører smitten til, er på 0,8. Det syner vekerapporten til Folkehelseinstituttet. I alt blei det meldt om 4800 koronasmitta i Noreg førre veke. Dette er 6 prosent færre enn veka før. Det er nedgang i alle aldersgrupper, unntatt i gruppa 13–19 der det var ein oppgang.

Det er høgast smittetrykk i Oslo og Viken, medan Nordland, Troms og Finnmark har minst smitte. Det er den britiske virusvarianten som dominerer i Noreg.

Den siste veka har det også vore fleire som har testa seg, samanlikna med veka før. Andelen positive prøver har gått ned sidan påskeveka, skriv FHI.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no