Putin: vil ikkje skjerme Muratov

Russlands president Vladimir Putin åtvarar om at fredsprisvinnaren Dmitrij Muratov ikkje vil bli skjerma dersom han vert stempla som utanlandsk agent.

– Om han ikkje bryt russisk lov, og om han ikkje gir ein grunn til å bli erklært som utanlandsk agent, så vil han ikkje bli det heller, seier Putin.

Samstundes åtvarar han journalistar som prøvar å gøyme seg bak Nobels fredspris og bruke det som eit skjold for å bryte russisk lov.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no