Hopp til innhold

Pulserande presse i Hvolsvöllur

Turistinformasjonen i den søvnige bygda Hvolsvöllur rundt ein og ein halv time med bil frå Reykjavik har aldri vore så full av folk som i desse dagar.

Pressesenteret i Hvollsvöllur

Turistinformasjonen i Hvolsvöllur har blitt til internasjonalt pressesenter.

Foto: Bent Tandstad / NRK

Island: Bent Tandstad
Foto: NRK
NRK i arbeid på Island

Dagsrevyen sitt team på Island redigerer siste nytt. Frå venstre fotograf Thomas Hass, USA-korrespondent Jan Espen Kruse og Pala Hallgrimsdottir frå islandsk fjernsyn.

Foto: Bent Tandstad / NRK
Journalistar i arbeid på Island

Høg konsentrasjon og intens jobbing i pressesenteret i Hvolsvöllur.

Foto: Bent Tandstad / NRK

Fleire hundre nyheitsjagande journalistar frå Europa og USA har innteke turistinformasjonen i Hvolsvöllur med sine datamaskinar, kamera og sendeutstyr etter vulkanutbrotet under Eyafjällajökull.

Alle bannar på sine eigne tungemål over eit utruleg treigt breiband, som gjer at det tek fire til fem minutt å laste ned eitt bilete. Fjernsynsfolka kan ikkje sende over sine reportasjar frå senteret, dei må nytte ei lenke som den islanske kringkastinga har stilt til rådvelde eit stykke herfrå.

Katastrofetreff

Kvar dag på senteret startar med ein pressekonferanse, der vulkanekspertar og politiet er faste gjester. Deretter forsvinn journalistane ut i området rundt Eyafjällajökull for å finne sine vinklingar og sine historier om det som har skjedd og det som skjer. No har vulkanen byrja å roe seg ned, men er framleis eit fantastisk fotomotiv.

Les også: – Nå tror vi dette er over

Vulkanutbrot er spektakulært og eksotisk, og dette tiltrekkjer seg journalistar. Mange av dei som svirrar rundt oss på pressesenteret er reisande i katastrofar. Dei reiser verda rundt for å dekkje jordskjelv, flaumar og anna elende. Desse kjenner kvarandre.

– Takk for sist, det var Haiti, ikkje sant? Eller var det Rwanda, kanskje?

Fullt på kontoret

BBC er her, Sky News er her, CNN sjølvsagt, spansk fjernsyn, fransk fjernsyn, italiensk fjernsyn, TV 2 både i Noreg og Danmark og sjølvsagt NRK. No kom til og med ein delegasjon frå 60 Minutes i Australia. Og det er sikkert mange fleire. Det er nettaviser, papiraviser, magasin med fokus på bilete, alle er her for å få sine vriar.

Det er ei veke sidan utbrotet. Sidan då har det vore hektisk her, stadig meir hektisk. Det første pressesenteret vart for lite, og for eit par dagar sidan vart det flytta til turistinformasjon i Hvolsvöllur. Her er det relativt god plass, og det fungerer fint bortsett frå dette fordømt smale breibandet.

Kjølig rundt Katla

I dag er det onsdag igjen, og det er ei veke sidan utbrotet. Det har vore dramatiske dagar, men no merkar vi at temperaturen på nyheitsbiletet har falle, i takt med at også varmegradene er heilt nede mot null. Ekspertane har sagt at vulkanutbrotet er redusert med nesten 80 prosent.

Les også: Fly og helikoptre snart i full trafikk

For nokre dagar sidan trudde vi at det berre var eit tidsspørsmål før storvulkanen Katla skulle eksplodere, men no har ekspertane helt kaldt vatn i blodet på mediehordane. Det verste er truleg over, Katla held seg roleg og flytrafikken ser ut til snart å vere i rute igjen. Så då er det ikkje det ikkje så mykje meir å bry seg med.

Berre osken blir

No pakkar folk saman for å reise heim. Katastrofen er truleg over for denne gong. Tilbake sit menneska som har fått øydelagt livsverka sine av oskenedfallet. Dei greier seg nok på ein måte, Island er trass alt eit velferdssamfunn, sjølv om landet er køyrt fullstendig på ræva økonomisk. Snart er det ingen som snakkar om Eyafjällajökull eller menneska som bur i nærleiken av dei lenger.

Det tek nok ikkje lang tid før det dukkar opp ein ny katastrofe å kaste seg over.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no