Hopp til innhold

Puigdemont viste seg i Barcelona trass arrestordre

Catalonias tidlegare leiar Carles Puigdemont viste seg offentleg på eit arrangement i Barcelona etter sju år i eksil, melder Reuters.

– Eg kom hit i dag for å minne dykk på at eg framleis er her, sa han i ein tale.

Puigdemont leia et forsøk på å lausrive Catalonia i 2017, og er etterlyst av politiet. Men ifølge nyheitsbyrået fekk separatistleiaren tale utan at det frammøtte politiet greip inn.

Den spanske nasjonalforsamlinga vedtok i mai å gi amnesti til katalanske separatistar, men Spanias øvste domstol avviste i juli å gi Puigdemont amnesti.

Carles Puigdemont taler i Barcelona etter sju år i eksil i Belgia.
Foto: Joan Mateu / AP

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no