Hopp til innhold

PST får kritikk av EOS-utvalet

EOS-utvalet, som kontrollerer at enkeltpersonars rettssikkerheit og personvern blir varetatt av våre hemmelege tenester, kjem med kritikk til Politiets tryggingsteneste (PST) i si nye årsmelding.

Utvalet kritiserer dei for at seks personar var registrert i PSTs etterretningsregister utan at det var grunnlag for det. PST har sletta fem av registreringane, men ikkje den sjette.

– PST haldt fast på at det var grunn til å registrere den sjette personen, og opplysningane er derfor ikkje sletta, skriv utvalet.

Informasjonssjef i PST, Martin Bernsen, seier dei tar kritikken til etterretning.

– Vi er fortløpande i dialog og diskusjonar med EOS-utvalet rundt registrering av for eksempel enkeltpersonar, seier Bernsen til NRK.

Utvalet skriv at kritikken blei forsterka i ein av sakene fordi registreringa inneheldt opplysningar om personens politiske oppfatning.

I 2021 tok utvalet imot 17 klagar mot PST, mot 19 i 2020. Fleire klagene var retta mot andre EOS-tenester. Tolv klagesaker blei avslutta og to avslutta med kritikk, skriv utvalet.

Utvalet har ikkje fått alle sakene og operasjonane som Etterretningstenesta har lagt fram for Forsvarsdepartementet i perioden 2011–2020. Etterretningstenesta har beklaga dette, og skuldar på rutinesvikt.

PST
Foto: NRK

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no