Prøvde å storme parlamentet

Vaksinemotstandarar prøvde fredag å storme nasjonalforsamlinga i Slovakias hovudstad, Bratislava, melder nyheitsbyrået Ritzau.

Ifølge den amerikanske ambassaden i Bratislava er det samanstøyt med politiet utanfor parlamentet. Politiet har nytta tåregass for å stoppe demonstrantane.

Folk skal ha blokkert inngangen til parlamentet og kravde å bli slept inn. Mange ropte «gestapo» og «forræderi».

Ifølge slovenske medium er ein politibetjent lettare skada i samanstøytane. Årsaka til opptøyane skal vere at det er vedtatt nye koronarestriksjonar i landet.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no