Hopp til innhold

- Reduksjonar vil gje fleire sjølvmord

Over dei siste ti åra er tal døgnplassar i psykiatrien redusert med nesten 5000. – Desse reduksjonane vil utan tvil føre til fleire sjølvmord, seier Vidje Hansen, professor ved Universitetssjukehuset i Nord-Norge.

Vidje Hansen

TRENG VERN: Professor Vidje Hansen meiner psykiatriske pasientar treng døgnplass på lukka avdeling for å bli verna mot seg sjølv, sjølvmordstankane sine og mot vald og misbruk i nære relasjonar.

Foto: NRK

Regjeringa seier at eit styrka tenestetilbod til menneske med psykiske lidingar har vore ei prioritert oppgåve. Likevel blir stadig fleire døgnplassar lagt ned utan at andre tilbod er tilstrekkelege.

Reduseringa kjem av ei planlagt omstilling av behandlingstilbod innan psykisk helsevern til meir vekt på poliklinisk behandling og ambulatorisk verksemd.

Kommunane som er meint å ta over pasientane, står utan midlar og kompetanse til å gjere dette. Dermed får ikkje psykisk sjuke den spesialisthjelpa dei har krav på.

Linn Kristin Lundberg

UTAN HJELP: – Psykisk sjuke pasientar får ikkje den spesialisthjelpa dei har krav på, seier Linn Kristin Lundberg, som sjølv er psykiatrisk pasient.

Foto: NRK

– Politikarane seier meir enn dei handlar, seier Linn Kristin Lundberg (26), som sjølv har vore psykiatrisk pasient i elleve år.

Lundberg får hjelpa ho treng, men kjempar for rettane til andre psykiatriske pasientar. I fjor samla ho inn 4500 underskrifter i protest mot at menneske med psykiske problem får for dårlig hjelp. Bunken fekk Høgre, som lova å ruste opp.

– Det er tragisk, men ikkje overraskande. Dette er det motsette av det dei lova då dei fekk underskriftene i fjor.

No krev ho at ord blir gjort til handling.

– Behov for fleire døgnplassar, ikkje færre

vidje hansen

FLEIRE SJØLVMORD: Professor Vidje Hansen fryktar fleire sjølvmord dersom psykisk sjuke pasientar ikkje får ligge lenge nok på lukka avdeling.

Foto: Siv Sandvik / NRK

Sidan 2005 har tal opphaldsdøgn i psykiatrien gått ned med 20 prosent, medan tal polikliniske konsultasjonar har auka med 56,5 prosent for vaksne og 66,9 prosent for barn og unge.

Vidje Hansen, professor ved Universitetssjukehuset i Nord-Norge, meiner likevel det er uforsvarleg å kutte i døgnplassane. Han forklarer dette med at pasientane treng tid på ei lukka avdeling for å bli verna mot seg sjølv, sjølvmordstankane sine og mot vald og misbruk i familie og nære relasjonar.

– Alle delar av landet har eit godt poliklinisk tilbod, men ein treng alle ledd i lenkja, og alle ledd må ha god nok kapasitet. Derfor treng pasientane å kunne ligge inne på ei lukka avdeling til dei kjenner seg trygge nok til å sjølve kunne seie ‘no kan eg dra ut og ta imot eit poliklinisk tilbod’. Dette gjer at det er behov for fleire sengeplassar, ikkje færre.

Professoren er klar på kva resultat færre døgnplassar kjem til å få.

– Desse reduksjonane vil utan tvil føre til fleire sjølvmord. Eg kan gjerne lage eit forskingsprosjekt som viser at dette stemmer, men det gjer nok det, seier Hansen.

Høie: – Einigheit om å redusere

Helse- og omsorgsminister, Bent Høie, seier det er tverrpolitisk og tverrfagleg einigheit om å redusere døgnplassane i psykiatrien og at også Mental Helse støttar dette.

– Det beste er å gje eit tidleg tilbod og byggje opp den delen av tenesta, seier han og viser til poliklinisk behandling og ambulatorisk verksemd.

Burde ikkje dette tilbodet vore bygd opp før de byrja å leggje ned døgnplassane?

Bent Høie

BENT HØIE: – Det er klart at eg ikkje klarer å rette opp i dette på eitt år.

Foto: NRK

Det at ein på slutten av førre regjeringsperiode starta med å byggje ned tal tilsette innan det spesialiserte psykiske helsevernet før ein bygde opp tilbodet i kommunane, meiner eg var feil utvikling, seier Høie, og legg til:

– Det er klart at eg ikkje klarer å rette opp i dette på eitt år.

Høie held fram med at utviklinga har vore uheldig og at dei jobbar med at den skal snu. Vidare viser han til statsbudsjettet kor han meiner det er lagt opp til ein tydeleg vekst i kommunane sin økonomi. Og for å sikre at psykiatrien blir prioritert, har dei innført ein regel om at psykisk helsevern og rus skal ha større vekst enn anna sjukehusbehandling.

– For det me såg då denne regelen vart fjerna av førre regjering, var at me fekk ei nedgang i årsverk innanfor spesialisert psykisk helsevern. Og det er ei utvikling eg er imot, seier Høie.

Tove Karoline Knutsen (Ap(

TOVE KNUTSEN (AP): - Eg merkar meg at helseministeren stadig prøver å vise til kva som skjedde under førre regjering.

Foto: Sigurdsøn, Bjørn / SCANPIX

Regjeringa er også i gang med å innføre lovkrav om at kommunar skal ha psykologkompetanse.

God balanse

- Eg merkar meg at helseministeren stadig prøver å vise til kva som skjedde under førre regjering, seier Tove Karoline Knutsen, stortingsrepresentant (AP).

Knutsen seier det ikkje er noko tvil om at alle faglege råd om behandling av psykisk sjuke har vore samstemte om at det har vore altfor mange senger i psykiatrien. Derfor har det vore viktig å dreie fokus mot poliklinisk behandling, ambulerende verksemd og lågterskeltilbod i kommunane, held ho fram, noko som også pasientorganisasjonane har vore einig i.

- Så er det sjølvsagt slik at me heile tida må etterprøve om me har ein god balanse mellom den spesialiserte døgnbaserte behandlinga og annan behandling. Det er ei vurdering som må gjerast kontinuerleg, seier Knutsen.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no