Problem for Telias mobilnett
Telia melder om driftsfeil på mobilnettet i delar av landet. Oslo er blant områda som er ramma, og abonnentar har hatt vanskar med å gjennomføre samtalar.
– Vi jobbar på spreng med å undersøke saka, og beklagar ulempene det fører med seg, skriv informasjonssjef Daniel Barhom i ein SMS til NTB.