Hopp til innhold

Private båtar deltar i søket etter sakna fiskar

Ei rekke private båtar deltar i søket etter ein sakna fiskar i Øygarden ved Bergen søndag kveld. Fiskaren la ut i ein 19 fots grå aluminiumsbåt tidleg søndag ettermiddag frå Laviksneset nær Telavåg på Sotra.

Politibåt, to redningsskøyter, Kystvakta og redningshelikopter leiter etter mannen i 60-åra. Hovudredningssentralen Sør-Noreg koordinerer leitinga. Det skal vere rundt tre meter høge bølger og regn i leiteområdet, og det er meld grov sjø og kuling.

Leteaksjon etter savnet fisker i Øygaren
Foto: Redningsselskapet

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no