Prislappen kjem på ti millionar

Utbetringa etter den siste brannen i Gudvangatunnelen kosta ti millionar kroner. Over 30 personar vart evakuerte då det i slutten av slutten av mars byrja å brenne i eit få månader gamalt vogntog i tunnelen. Brannen var den tredje på seks år i tunnelen. Avdelingsdirektør Svenn-Egil Finden i Statens vegvesen seier tunnelen fekk omfattande skader. – Alt elektrisk vart skadd og øydelagt, vass- og frostsikring vart skadd og det måtte boltast på nytt, seier han. At tunnelen var under utbetring gjorde at både mannskap og maskiner var lett tilgjengeleg. – Spesielt at vi hadde dyktige folk på staden, som kjende forholda i tunnelen og raskt kunne gå i gang med arbeidet, har hatt stor betydning både for tida og kostnaden med arbeidet, seier Finden.

Brannen i Gudvangatunnelen
Foto: Silje Drevdal / Statens vegvesen

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no