Hopp til innhold

Prins Andrew sine kontoar i sosiale medium er stengt

Fleire av prins Andrew sine kontoar i sosiale medium er sletta. Det skjer etter at søksmålet mot han om overgrepsanklagar skal prøvast for retten.

Om du søker på prinsen sin offisielle Twitter-konto, kjem det opp ein tekst om at kontoen ikkje finst. Youtube-kontoen hans syner ei feilmelding.

Prinsen sin Instagram-konto er endra til privat modus, men skal ikkje vere i bruk.

Førre veke ga prinsen frå seg sine kongelege og militære titlar og utnemningar som ei følgje av overgrepsanklagene.

Prinsen avviser alle anklager, men søksmålet mot han har ført til massiv kritikk mot kongehuset.

(NTB)

Prins Andrew
Foto: JOHN THYS / AFP

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no