Hopp til innhold

Skuleskytinga i Texas – Ramos hadde ikkje kriminell bakgrunn

Texas-guvernør Greg Abbott og politiet haldt ein pressekonferanse om skuleskytinga i Uvalde i Texas onsdag.

Det var Salvador Ramos som skaut på skulen, og ifølgje Abbott hadde han verken kriminell bakgrunn eller mentale helseproblem.

Guvernøren sa også at 18-åringen hadde skrive fleire innlegg på Facebook før han kom til Robb Elementary school. I innlegga sto det at han hadde skote bestemora si og skulle skyte på ein barneskule.

– Nokon som skyt bestemora si i ansiktet er vond i hjartet, men det er enda meir vondt å skyte små barn, sa Abbott på pressekonferansen.

Mot slutten av innlegget til Abbott avbraut den demokratiske politikaren Beto O’Rourke guvernøren. O’Rourke nærma seg podiet og sa:

– De gjer ingenting! Det er fullstendig føreseieleg.

Han vart møtt med reaksjonar og folk som kalla han «din sjuke faen» for å ha gjort saka politisk.

O’Rourke vart til slutt kasta ut av pressekonferansen.

18-år gamle Salvador Ramos skaut og drap 21 på ein skule i Texas.
Foto: - / AFP

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no