President testa positivt for korona

Presidenten i Latvia, Egils Levits, har testa positivt for koronaviruset. Det skriv statsministerkontoret på sine heimesider torsdag.

President i Finland, Sauli Niinistö, som åt frukost med Levits på onsdag, må difor i isolasjon.

Levits vil halde fram med brorparten av sitt arbeide, men må avlyse besøk frå andre land, samt reiser til Kosovo og Makedonia, skriv kontoret.

Presidenten fekk si andre dose koronavaksine i april.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no