Pondus-prisen til Jamtli
John S. Jamtli får Pondus-prisen for teikneseriealbuma «Sabotør» og «Sabotør – Operasjon Muskedunder» om motstand og sabotasjeaksjonar under andre verdskrigen. Juryleiar Frode Øverli seier Jamtli klarer å balansere spenning og humor på ein god måte.