Pompeo fristar Kim med «garanti»
USAs utanriksminister Mike Pompeo lova Nord-Korea «unike tryggleiksgarantiar» dersom landet rustar ned. På ein pressekonferanse i Singapore måndag sa han at kravet er at Nord-Korea må gå med på «fullstendig etterprøvbar og ugjenkalleleg» nedrusting.