Hopp til innhold

Politistudentar opplever framleis uønskt seksuell merksemd

Studentar ved Politihøgskolen opplever framleis mykje uønskt seksuell merksemd, skriv Khrono. Ei ny undersøking viser at omfanget er om lag på same nivå som i 2020.

Då avdekte ein rapport ein ukultur ved skulen, der det blant anna kom fram at mannlege instruktørar hadde hatt seksuell omgang med kvinnelege studentar på treningsleir. Rapporten førte til oppvask og skjerpa reglar ved skulen.

Ifølge den nye undersøkinga har dei fleste hendingane skjedd mellom studentar i sosiale lag der det blei drukke alkohol. Men fleire melder også om uønskt merksemd frå lærarar, instruktørar og overordna.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no