Hopp til innhold
Podkasten politisk kvarter

Politisk kvarter

  • Opprør i Finnmark Senterparti etter Melkøya-planar

    Senterpartiet i Finnmark reagerer kraftig på at regjeringa i dag legg fram planar om å elektrifisere gassanlegget på Melkøya. Landsmøte i Senterpartiet har gått mot elektrifiseringa av anlegget.

    Varaordførar Jan Martin Rishaug i Alta seier medlemskapen hans i Senterpartiet no heng i ein syltynn tråd:

    – Eg er så skuffa at mitt medlemskap i Senterpartiet er i ferd med å gå ut.

    – Vi har eit landsmøtevedtak som seier at ein ikkje skal elektrifisere før det er kraft i nettet til å betene det. Det ser det ut som dei no hoppar ganske lett bukk over. Det er veldig skuffande av Senterpartiet.

    Partileiar Trygve Slagsvold Vedum skal kunngjere nyheita på ein pressekonferanse saman med statsministeren i Hammerfest i dag.

    – Det er jo veldig skuffande at han kjem til Hammerfest. No har ein reist rundt og spreidd det glade bodskapet med tilrettelegging for at folk skal kunne bu i Finnmark, og no er ein i ferd med å ta straumen frå folk i Finnmark.

    Politisk Kvarter seier varaordføraren at han har fått veldig mange tilbakemeldingar frå kollegaar, som også vurderer sitt medlemskap i partiet:

    – Det veldig mange som allereie har skrive ferdig utmeldinga, og det er veldig mange som også i løpet av dei neste dagane og vekene kjem til å gjere det, seier Rishaug.

    – Vi kjem nok til å bli kraftig redusert, ikkje berre i Senterpartiet, men eg trur også at Arbeidarpartiet kjem til å merke dette.

    – Eg fryktar at Senterpartiet og Arbeidarpartiet kan bli radert ut i heile Nord-Noreg etter det dei har gjort, avsluttar han.

    Melkøya
    Foto: Allan Klo
  • Politisk kvarter oppsummerer 2022

    Hanne Skartveit, Berit Aalborg og Torbjørn Røe Isaksen gir deg analysene av året 2022 i Politisk kvarter på NRK: Krigen kom, strømprisene gikk opp og regjeringens oppslutning ned.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no