Hopp til innhold

Politileiar dømt til fengsel for seksuell omgang med kollega

Ein politimann nektar for å ha misbrukt si stilling for å oppnå seksuell omgang med kollegaer.

No er han dømt til fengsel i sju månader, og må betale 80.000 kroner i erstatning til den fornærma i saka.

Politimannen, som fram til han blei suspendert hadde ei leiarstilling i Øst politidistrikt, var tiltalt for å misbruke si stilling for å oppnå seksuell omgang med ein underordna.

Ved tre tilfelle fekk han ein kvinneleg politibetjent til å masturbere han, slår dommen fast.

I retten møtte også åtte andre kvinner som fortalde om liknande opplevingar med politimannen.

Mannen sin forsvarar, Gry Berger, opplyser til NRK at tiltalte ikkje er nøgd med dommen, og ynskjer å anke.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no