Hopp til innhold

Politijakt på Bromma flyplass

  • – Reisande treng ikkje uroe seg

    Politijakta på Bromma flyplass i Stockholm påverker ikkje flytrafikken, seier flyplassjef Peter Grunditz til Expressen. – Reisande treng ikkje uroe seg, seier han. Vitner har fortalt til politiet at to personar har tatt seg over eit tryggingsgjerde.

  • Køyrde bil med engelsk skilt

    Dei to personane som har tatt seg over gjerdet og inn på flyplassen i Stockholm køyrde ein bil med engelske skilt. Bilen står parkert inntil gjerdet dei hoppa over. Skilta avslører at bilen kjem frå London-området, skriv Aftonbladet.

  • Søker rundt ein hangar

    Bilen dei to mistenkte køyrde, er ein mørk Range Rover med utanlandske skilt. Bilen står parkert heilt inntil gjerdet som dei to personane klatra over. – Vi har enno ikkje funne dei det dreier seg om, fortel Sven-Erik Olsson frå politiet i Stockholm.

  • Politijakt på flyplass i Stockholm

    To personar har klatra over tryggingsgjerdet og tatt seg inn på Bromma flyplass i Stockholm. Fleire politipatruljar søket etter dei to inne på området, skriv Aftonbladet. Den nasjonale innsatsstyrken er på veg, ifølgje avisa.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no